Gjøneset – ein destinasjon

På sydsida av Gjerdsvika stikk Gjøneset rett vest mot Svinøya. På nordsida av neset ligg det gamle feltet Muren, men her er ofte rått og nesten alltid sollaust. 100 m opp til høgre for Muren på Gjønesaksla, ligg eit 50m * 50m sva. Det er berre å følge telefonstolpane frå Muren eller den store avkøyringa 150m sydom neset mot Haugsbygda.

Gjønesaksla.
Gjønesaksla

Eg har laga 2 ruter her; begge startar på svaet thf stolpen (1. bilete). Den eine går tv opp til høgredelen av det store overhenget, så skrått th til stand på nasen (30m, 5+, mix). Den andre går parallelt med stolpen (tvf tauet 2. bilete) og opp nasen til same stand (25m, 6-). Har topptaua høgrekanten av nasen (rett under høgre tauet 2. bilete), men dette, og lenger th, er 7-aktig. Har klatra opp venstredelen av svaet også (venstre tauet) – litt meir liggande og lettare her (4- og 5-aktig). Vil tru her er plass til 4-5 ruter på 20m. Frå stand i venstrekant av overhenget, kan ein lage 2-3 ruter på toppsvaet også.

Fjelltypen er teksturert og svaaktig; den liknar litt på hovudsvaet på Blåfjellet. Berget er kompakt med nokre diskontinuerlege riss her og der. Attraksjonen her er at rutene vert lette til moderat vanskelege, ligg mot vestsola og det er flatt og barnevennleg der oppe.

Rett nedom svaet er ein minivegg (10-12m) som kan få 5-7 vanskelege ruter

Lisjeveggen på Gjønes

150m til høgre og litt lenger opp i høgda, ligg Ljømannen omtala før. https://sunnmorsk-klatreklubb.no/ymse/nytt-fra-ytre/

Ljømannen
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *