Godt oppmøte på årets første klubbtur

Sol og blå himmel kan ha mykje å seie når det kjem til oppmøte på klubbturane våre. Dette vart Buldreturen på Flø eit døme på. Litt over 30 buldrarar var i gong med saftige helkrokar og fin balansedans omkring steinane på Flø mandags ettermiddag. Utvalet var mangfaldig og gradene variert. Med sol på steinen til klokka var omlag 22 på kvelden vart folk både sårfingra og svoltne. I år prøvde klubben å kjøpe inn mat til folket, noko som viste seg og vere eit veldig flott tiltak. Pølse og kjøtburger stod på menyen og folk fekk forsyne seg av det dei ville ha. ca. 25 stk. var med på måltidet, og alle fekk ete seg mette. Dette var eit veldig sosialt og hyggelig måltid der alle vart inkluderte, veldig kjekt.

Etterkvart som nattestimane nærma seg, vart sirkelen rundt bålet mindre og mindre, til slutt var det berre 9 stk. igjen. 4 telt var slått opp og dei resterande buldrarane prata seg vidare inn i natta.

1. mai kom det fleire tilreisande for å buldre, og etter en rolig start rundt bålet var folk i gong med buldringa.

Alt i alt ein veldig fin klubbtur!

Vi sjåast på neste klubbtur!

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *