Gullfeber – og nokre tankar.

Lina er sjølstendig, kryssar Gullvaflå i 4.tl og brukar 20m av siste tl slik vi gikk Gullvaflå 1 gong. No går GV lenger tv i siste tl. 1.tl klatra med Henning Lundberg ‘97, 2.tl (+10m) med Thomas Horgen ‘19, deler av 5.tl med Helge Standal i ‘83. FB med Øystein Dahl 9.8.19. Stilen var ikkje heilt bra, men 2.mann friklatra med unntak av 3 A0 pkt i 2.tl. Mulig at 1.bb i 2.tl må flyttast litt ned th; der er nokre kantar for balansete friklatring. Også mulig å rette ut / opp siste tl; vi fikk litt dårleg med tid oppider.

Gullfeber, foto Iriss

Så – det tok 6 jobbedagar ‘bottom up’ å mekke denne ruta før ‘støtet’ fredag 8.8.19. Kva seier dette om framtida for nye ruter i Molladalen? IMO at ein må nytte ‘prosjekt modus’ både for å lage lange ruter, og å kunne gå dei i god stil. I klartekst: nye, lange ruter vil kreve dedikert innsats over mange dagar. Sjå innlegget ‘Legge til rette for klatring til fjells og i felt’ for stilkrav.

På lista mi over langrutepotensiale, har eg dette, men her er ‘first come, first serve’:

  • Like thf Supergran i svakt hengande dieder (rensa, 3 fjellboltar), rett opp thf NaivSuper og tvf Prins og Prinsesse
  • Thf Musikalius over svaet med skrå sprekke (må ha bb i starten), gjennom bratt vegg thf Velkommen til Norge, opp toppveggen
  • Tvf Dosethruta og diagonalt mv gjennom heile vegge. Kjetil S har vore oppider.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *