Haustklatring

Namibia har stått på turlista i lang tid. September ’17 drog eg,  Øystein, Frode Guldal og Olav Nilsen til Spitzkoppe ca 300km nordvest for hovudstaden Windhoek. Ca 150km innom kysten (aka Skjelettkysten) ligg den befolka delen av Nimibia på ei høgfjellsslette i heile landet si lengde. Spitzkoppe er eit kompakt, «alpint» granittområde. Frå slette på ca 900moh opp til 1750moh. Mange mix-ruter frå sport til ca 8-9tl.

Øystein kjem ned frå RihnoTower med Skjelettkysten mot vest. Fotot Frode Guldal

Seinthausten drog eg med klimaflyktiningar frå romsdalaen til CostaBlanca. Har vegra meg mot denne delen av Spania pga turisttrykket på kysten. Men – må vedgå at denne fordommen var ugrunna. Like innom kystlina ligg vakre fjell- og kulturlandskap! Klatringa er standard kalk; korkje verre eller betre enn andre stadar.

Eit flott felt ved byen Onil innom Benidorm. Foto Iver Gjelstenli

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.