Hesteskohelvete 15.-16.september

I 2016 lanserte Sunnmørsk Klatreklubb den nye «Klatreføraren for klippeklatring i Ørsta og Volda». 

Med inspirasjon frå eit konsept i «Horseshoe Hell» dalen, blei boka lansert med ein 24 timers klatrekonkurranse. Målet var å klatre flest av rutene i føraren iløp av 24 timar. SKK ynskjer at DU blir med på å gjere dette til ein tradisjon.

Reglane er som følgjer: 
• Poenga vil tilsvare grada ein klatra (6 poeng for ei 6-/6/6+ rute, 7 poeng for ei
7-/7/7+ rute osb.)
* 1 pluss poeng for ruter gått med naturlige sikringar,
*1 minus poeng for ruter gått på topptau (gjeld ikkje Kyrkjesteinen)
*Poenggiving/kontroll vil gå etter “gentlemans-agreement” prinsippa.

SKK vil starte med registrering og boksal (for dei som treng førar) kl 17.00
ved Klatresiloen i Volda, den 15 September. Då har ein 1 time på seg før startskotet går
kl. 18.00.

Etter 24 timar, avsluttar vi med fest og grilling i ”Kapteinskvia”, litt forbi Sæbø-ferjekai,
den 16 September. 
SKK stillar med grillkol. 

Bli med! Dette blir «Helvetes-morro»

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Hesteskohelvete 15.-16.september

  1. Anders Lunberg seier:

    Hei,

    eg og Annette ser etter nokon å klatre ilag med i løpet av desse dagane?

    Førebels plan: Klatring i toskefloget fredag kveld, norangsdalen laurdag, kanskje alldalen på ettermiddag. Vi går for beste kostyme.

  2. Anders L. seier:

    Hei,

    eg og Annette ser etter nokon å klatre ilag med i løpet av desse dagane?

    Førebels plan: Klatring i toskefloget fredag kveld, norangsdalen laurdag, kanskje alldalen på ettermiddag. Vi går for beste kostyme.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *