Klatre ute!

Yttersida, sport, 6

Yttersida, sport, 6

Regnsikkert ved sentrum

Regnsikkert ved sentrum

Natureleg sikring o sprekker

Natureleg sikring og sprekker

Eg synest det er synd at vi går inn i nytt aktivititetsår utan at dette vert markert her på SKK sidene. Det er mulig ei hard kjerne rundt Silo og fanga i Facebook er informert og er nøgde med å vere i den uformelle informasjonsloopen. For min del er der 2 mnd’ar igjen med uteklatring og eg meiner sosiale medier er ei katastrofe for samvere og samspel mellom mennesker.

Så – gamle og nye klatrevener!

Volda med omland har mange og rike høver til å klatre ut; her er steinar, crag’s og veggar med klatring av mange typer; her er ikkje mindre enn 2 regnsikre felt – dei eine i gangavstand frå sentrum – så det er ingen grunn til gå i siloen  eller reise til Stryn sjøl på regnversdagar. Steinklatring driv eg ikkje med, men der har Sindre stålkontroll, men tauklatring kan eg og du drive med her (rekna i avstand frå sentrum) :

  • Ramnevaglen / Toskefloget : 2 km frå sentrum, sportsfelt, regnsikkert, 1 – 2 taulenger, grad 6 til 8
  • Gamlefeltet : 10 km frå sentrum, naturlege sikringar / topptau, maks 20m, grad 3 til 6
  • Nedrefeltet : 10 km frå sentrum, naturlege sikringar, 20 – 40 m, grad 5 til 7
  • Nye Øvrefeltet : 10 km frå sentrum, sportsfelt, 1 – 4 taulengder, grad 5 til 8
  • Hunnes : 11 km frå sentrum, sportsfelt, 1 -2 taulengder, grad 6 – 8
  • Norangdal : 70 km frå sentrum, sportsfelt, regnsikkert, 1 – 2 taulengder, grad 5+ til 8

Eg er ute på desse felta minst 2 gongar i veke – og tek gjerne med interesserte dit. Ta kontakt så skal eg lage sms-liste som eg varslar når eg dreg ut.

Tore Lundberg – luntor@broadpark.no – 95436980

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Ymse. Bokmerk fastlenkja.