KLATRESAMLING I ROMSDAL

Sist helg samla fleire av medlemmane av SKK og Klatreklubben Ålesund (KKÅ) seg i Romsdalen på det som har vorte ei årleg hending for dei regionale klatreklubbane. Romsdalssamlingen har vorte eit av arrangementa i tillegg til Fløsamlinga og Molladalssamlinga som dei lokale klatrerane gjerne vil ha med seg i løpet av sommarhalvåret.

Denne helga baud på nydeleg sol, skyfri himmel og gode klatreforhold.
Medlemmane hjå Klatreklubben Ålesund klatra mellom anna fine fjellruter på Hornaksla og støta på varierande ruter på lokale klatrefelt.

Frå Ålesund var det sett opp gratis fellesbuss sponsa av Norges Klatrerforbund (NKF) som medlemmane i alle klubbane kunne nytte seg av, med avreise 17.15 frå Moa.
Denne (mini)bussen var innleigd for heile helga og transporterte klatrerane fram og tilbake frå klatrefelt og andre avtalte møtepunkt, så alle fekk klatre der dei ville.

I SKK klatra Silja og Trygve «Ingrid Espelid», Trude og Ingeborg var på eit av klatrefelta og klatra medan Sindre var lengre opp i dalen og buldra på laurdagen.
Øystein og Stig Petter tok livet med knusande ro denne dagen ettersom dei kom ned frå fjellet laurdag morgon etter å ha klatra opp storveggsruta «Sydpilaren» på Mongejura.

På fredag og laurdag var det felles grilling på ettermiddag med grillmat til alle, sponsa av NKF.
Laurdagskvelden vart det også arrangert Quiz, hangboard-konkurranse og bildekonkurranse.

Monge fine premiar frå 7blåner vart delt ut til respektive vinnerar.

Premiane var mellom anna Kamkile (friends) frå Alien. Kalk frå Ocun, ekspresslynger frå Ocun mm.

På søndagen var det fleire som valde å klatre ute på trad og bolt før regnet kom medan enkelte valde å setje kursen heimover.

Romsdalsamlingen er eit bra utgangpunkt for alle som vil vere aktive i klubben.
Her er det lette korte tauruter på lokale klatrefelt, buldring og fjellklatring for den meir erfarne klatrar. Men mest av alt er denne samlinga eit fint møtepunkt der ein kan ta med seg familien eller kompisgjengen på Trollveggen Camping og sosialisere seg og skape gode minner med likesinna!

Klatreklubbane sponsar også overnatting til alle våre medlemmar og leiger inn hytte og betaler teltavgift til alle som måtte ynskje dette.

Takk til alle som møtte og takk til Norges Klatreforbund som sponsa oss med transport og mat.

Neste samling vert i Norangsdalen siste helga i juli. Ta med teltet og bli med!

6 tl. på Sydpilaren, Mongegjura
Utsyn på Mongegjura.
Frå grillfesten på laurdagskvleden.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *