Konkurransedebut og klubbtur for Ungdomsgruppa SKK

Ungsomsgruppa SKK er eit nyleg oppstarta tilbod i Sunnmørsk Klatreklubb som er komen til for å dyrke interesse for klatring mellom barn og unge i klubben. Per dags dato er det 9 elevar og ein trenar ( Øystein Dahl ) som dannar gruppa med god hjelp frå foreldre til å sikre under treningane. På sikt ynskjer me å utvide tilbodet med enno ei gruppe. Men for å få til dette treng me trenarar som har lyst å jobbe og motivere barn til å halde på med klatring. Ungdomsgruppa har til no hatt 6 treningar med fast opplegg kvar måndag frå kl 18-20.

Godt resultat
Førre fredag var det Ålesundsmeisterskap i klatring i Buldrehallen der Sondre, Peter og Sina frå Ungdomsgruppa stilte opp for å konkurrere i sin første konkurranse for Ungdomsgruppa.
Sina kom på ein solid 3. plass i si klasse, med 10 uttoppingar. Sondre kom på 5. plass med 10 uttoppingar og Peter hamna på 6. plass med 11 uttoppingar etter at han måtte ha nokre ekstra forsøk på nokre av buldrera. Foreldre, trenar og deltakarar var godt nøgde med debuten!

MOLDEVEGGEN

I helga var gruppa på sin fyste tur. Me hyra inn minibuss og vende snuten mot Molde der me skulle besøkje Moldeveggen, eit klatresenter som har tauvegg i 2 etasjer, buldring, 4 Auto belay og eige treningsområde med mellom anna moodboard, treningsvegg og campuslister.

I reisefylgjet var det 10 born, 6 foreldere og ein trenar.
Me reiste frå Ørstahallen laurdag morgon kl. 08.
Då me var framkomne var det fritt fram. Dei fleste starta med buldring medan enkelte gjekk rett på tau. Sina utpeika seg sterkt i hovudveggen då ho gjekk ein bratt 6 + i storhenget i på topptau utan kvil.
Alle var entusiastiske for å prøve ein ny vegg dei ikkje hadde vore i før, og gjorde ein kjempejobb denne dagen. Klokka 3 pakka vi saman og tok turen til ein lokal pizzarestaurant i Molde By.
På bussturen heim var ungdomen ikkje blyge med å nytte mikrofonen fremst i bussen for å underhalde alle passasjerane med song og diverse andre lydeffekter.

Bussen var også utstyrt med TV skjerm, så Istid 5 fekk rulle og gå på vegen heim. Alt i alt vart dette ein kjempesuksess og noke vi håper å gjere fleire gongar.

Alle som måtte ynskje å vere med i Ungdomsgruppa må sende e-post til barnegruppaskk@gmail.com. Men merk dykk at dette er eit nytt tilbod me prøver ut, så det er ingen garanti for å få plass i næraste framtid.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *