Lærerik dag i Kvanndalen

Eg returnerte til Kvanndalen og Appelsinveggen i dag sammen med Stig H. og Thomas Riis. Planen var å gå ruta Blodappelsin på led i god stil og fortsette å gå direkte, heile risset vidare til topps.

Litt bakgrunnshistorikk;

Blodappelsin såg si første bestigning i 2001 då Stig Endre Mo og Ole Christian Larsen gjekk ruta teknisk og graderte ho til 7-A0. Etter første stand traverserte dei ut høgre og klatra vidare opp ruta «Utan Appelsin»

Etter å ha kome til topps på denne ruta prøvde dei å topptaue andre taulengd på ruta Blodappelsin, men klarte ikkje å gå denne taulengda. Sidan har ho blitt ståande, utan nokon slags form for bestigning.

I dag var det ein kald morgon når vi starta. Vi kom opp til veggen kl. 10:20 og starta kort tid etter å klatre. Planen var fribestigning. Etter mykje mantling og jobbing med både kropp og sjel klarte eg å forsere dei store off width’ane i første taulengd. Vedvarende klatring fortsatte over off width’en. Etter omlag 35 meter sette eg hengande stand i veggen og sikra  dei to andre opp. Første siger var i boks, første taulengd var klatra i god stil for første gong. Ruta vart sett til grad 7.

Men grad 7 er ingen spøk i november. 

I mi andre taulengd var det alle som innsåg kor mykje tidsbruken spela inn på dagslyset. Med berre ein time att med sol i veggen og kuldegrader på veg måtte eg til slutt kaste inn handkle då vi innsåg vi ikkje kom til å rekke over kanten før det hadde blitt både solnedgang og minusgrader..

Det som venta oss lenger oppe var ein overhengande off width og ein stor chimney i toppen. 

Vi måtte snu..

Eg er uansett overbevist om at denne linja og risset er fullt mogleg å gå i god stil. 

Men det får vente, til våren når varmare dager og lysere netter igjen kjem attende til Sunnmørske fjell. 

Øystein Dahl

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Lærerik dag i Kvanndalen

  1. Anders Lundberg seier:

    Kjekt å lese om eventyr, forsøk og godt mot!

    Og eg nyttar anledninga til å applaudere Øystein m. fl. som brukar heimesida til slike oppdateringar!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *