Legge til rette for klatring

Eg har klatra i snart 50 år, mest på Sunnmøre, men mykje rundt forbi i utlandet også. Tidsromet er langt nok til å lage ei historisk oppsummering, og seie noko om kvar vi er no.

Først – og dette er viktig i HMS-alderen.

Det er eit heilt nytt fenomen at klatrarar og klatreklubbar er rike, og kan velge utstyr frå øverste hylle. Det ‘normale’ er at klatrarar er fattige, må spinke og spare til utstyr og reiser. At klubbar har sponsa jernvarer i A4 stål i kassevis som den ivrige kan forsyne seg frå, er uvanleg på grensa til det syndige; ‘ you can have your cake and eat it too’!

Til fjells

Tidleg var fjellboltar smidde av mjukare stål. I dolomitt og gneis med sine ujamne sprekker, sat mjukboltane godt, men var ofte umulig å få ut. Sporlaust? Neppe. Tradisjonelt? Absolutt! Frå slutten av ‘60-talet kom høglegerte fjellboltar. Slynger og fjellboltar er enno vanlege rapellutstyr.

SKK braut norsk tradisjon ved å lage 5 rapellruter i Molladalen med limboltar i ‘88. Vi reetablerte 2 av rapellane i ‘17 (Jønshorn, Kruttårnet) og etablerte ein ny i Trekkspelveggen. Vi la også ein rustfri kjetting rundt Bladet. I Molladalen har SKK tatt forvaltningsansvar gjennom mange 10-år. Vi kan vere stolte av dette!

Kva så med faste sikringar i enkeltruter? SKK har ikkje meint noko om dette, men har som mål å fremje ‘sunnmørsk tradisjon’. Vi slutta oss til NKF diskusjonsnotat om boreboltar i ‘15. Vidare har UIAA og NTK gjort ein jobb for å definere verdiar og ‘best practise’. Fellesinnhaldet her er kort oppsummert slik:

  • ruter til fjells skal lagast ‘bottom up’
  • heilbolta sportsruter skal ikkje etablerast til fjells
  • faste sikringar (kilar, fjellboltar, boreboltar) skal vere så få som mulig
  • boreboltar skal ikkje settast om det er mulig å sette andre sikringar
  • lokal tradisjon skal respekterast

Eg vil tru eg har satt nesten alle boreboltar på klatreruter i Molladalen:

  • Raude orm, 4bb i siste tl opp til topprisset
  • Raudvinsrusen, 4bb 1.tl, 3bb siste tl (1.tl på rapell)
  • Gullars, 1bb i 2.tl (skal skiftast)
  • Gullfeber (ny), 2bb 2.tl, 1bb 3.tl
  • Gullklokka, 3bb 2.tl, 1bb 4.tl (vurderer 1bb til i 4.tl)
  • NaivSuper, 1bb 2.tl
  • Katarsis, 1bb 2.tl
  • Frihetens øyeblikk, 1bb 4.tl
  • Vestkanten, 3bb 1.tl, 1bb 2.tl
  • Minneruta, 2bb 1.tl

Det er framleis eit stort potensiale for nye ruter i Molladalen. Lange, ferdigrensa liner er det få av. 1-2 tl av ferdigrensa er det mange av. Erfaring frå ‘18 i Diederveggen og ‘19 med Gullfeber er at desse lange linene har knappe riss som må rensast. Det som ser ut som stjerneriss på Tommy sine bilete ofte er ubrukelege strek. Okkensom – på Gullfeber har eg brukt 6 dagar berre på å mekke opp 4 tl; rense, bore 3bb og slå 4 fjellboltar. Først etter denne innsatsen er ruta klar for eit ‘støt’!

På felt

Einaste etablerte feltet på Sunnmøre i ‘73 var Magerholm. Klatremåte og utstyr på felt vart det same som til fjells. Nokre få andre hammarar hadde fått sporadisk besøk.

Med svasko og kilar auka evnene, og frå ‘78 med ‘Friends’ kom vi opp stadig nye og vanskelegare ruter. Det var frenetisk jakt på nye klipper for bratt leik. Men – Vårherre har ikkje utstyrt klipper på Sunnmøre med mange høvelege riss! Tidleg på ‘90-talet var feltrissa oppbrukt. Eg hadde satt ein og anna Leeper eller Petzle bolt på nedre- og øvstefeltet og i Toskefloget på ‘80-talet, men dette var både dyrt og arbeidskrevande.

Med Tommy Skeide, Idar Ose og Kjetil Solbakken ved roret, endra SKK karakter på ‘90-talet. Dei sette ‘sport climbing’ på dagsordenen ‘just like that’! Drill og boreboltar (Stokstad) vart kjøpt inn. I løpet av nokre korte år vart det mekka sportsfelt i ytre, indre og rundt Ålesund. Miljøet vart splitta og til slutt ‘sprakk’ SKK; Klatreklubben og Klivrelaget fekk med seg startkapital frå SKK-kassa til Ålesund og Ulsteinvik.

Etter første runde med sportsruter på Kirkesteinen, Toskefloget, Nye øvre og Hunneset, vart det stopp med rutemekking i indre. SKK sleit med identiteten; mest aktivitet var det i Siloen. Nokre få dreiv med ‘trad’, nokre få med ‘sport’ og nesten ingen med begge deler. Det kom nesten ikkje folk på Molladalssamling eller lysbiletesamling på Standalhytta.

Frå tidleg ‘00-tal har eg opplevd å verte revitalisert som klatrar etter ein seig angst og depresjonsperiode. Eg forsto at der er grense for kor lenge ein kan utsette draumar, og at kroppen enno tåler mykje meir bruk. Eg reiste fjern og nær og besøkte stadar og klatra der heltane mine herja på ‘70 og ‘80-talet. Eg var faktisk ein mykje betre klatrar enn eg trudde!

Så – liner til fjells og i felt eg hadde sett på gjennom åra, men utsett, fekk ruter! I denne perioden (‘05 – ‘15) var eg heilt aleine med å mekke ruter i indre.

Leiinga i SKK hadde fokus på Silo og kurs og var ganske motvillig til å bruke pengar til boreboltar og verktøy. Eg la ut av eiga lomme og fekk etter kvart tilbakebetalt det meste frå SKK. Mi oppleving var at leiinga såg med motvilje på det rutearbeidet eg dreiv på med. Det var null interesse for rutene eg laga i Toskefloget, Hunneset og Nye øvre. Eg trur faktisk klubben advarte folk frå å klatre der. Når klubben arrangerte uteklatring, drog dei konsekvent til Stryn, Flø eller Romsdalen. Desse åra laga eg hengarar av industristål og kjøpte industriboltar (Fisher/Petzl) for å spare pengar. Dette har eg fått mykje kritikk for.

Siste 5 åra har SKK endra praksis med boreboltar og verktøy. No har klubben ein utstyrsansvarleg og det vert kjøpt inn boreboltar og limboltar produsert av Fixe. Dette er ein veldig bra snuopersjon som eg er svært takksam for! Den som kjem over ein av mine heimlaga hengarar, kan bytte dei ut med Fixe-hengarar frå klubben.

Nokre få parti i Toskefloget og i Norangsdalen har det ikkje vore mulig å få optimal plassering av boreboltar på grunn av dårleg fjell. Det er plassert kjetting som forlengar for å kompensere for dårleg plassering. Slik forlenging må vere 8mm kjetting og ditto maillon. Nokre plassar har eg sett forlenging på feilplasserte boltar i staden for å sette ein ny bolt. Her må det settast nye boltar i staden.

http://www.ntk.no/wp-content/uploads/2019/03/Verdinotat-Norsk-Tindeklub.pdf
Kronikk i Klatring ‘17: Legge til rette for klatring.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *