Ny førstebestigning i Kvanndalen?

Eg har hatt eit ynskje om å klatre ei av linjene på den store veggen i Kvanndalen (frå Standalseidet) i lengre tid. Søndag morgen 18. november var både pågangsmot og ver med på laget når eg (Øystein Dahl) og Stig Petter Driveklepp la i veg opp Kvanndalen for å støte.

Denne veggen ligg lengst inn i Kvanndalen, til høgre for insterenna, ca. 1,5 timers anmarsj. Som vist på bildet vart det gått ei linje i venstrekant av veggen. Denne ruta er som fylgjer;

1 tl. 30 meter. Ta med store friends, dobbelt opp med 4,5 og en 6. Til dels vanskelig å få inn gode friends i deler av ruta. Utklatring somme plassar. Vedvarande 6+ klatring. Første 10 meter er teknisk layback, siste halvdel er off width/ chimney klatring.

2 tl. 35 meter. Chimneysystemet fortset langs heile neste taulengd. Teknikk er hovedingrediensen. Ikkje alt for mange sikringsmoglegheiter. 6+

3 tl. 45 meter. Graderinga er lett men klatringa konsentrert. Pass på laus stein. 4+ 

Opprinneleg var ikkje ruta som vart gått førstevalget. Eg måtte snu då eg prøvde å lede opp det mest markante risset midt i veggen, grunna for dårlig utvalg av store BD camalots. Der oppe stod forøvrig ein gammal piton i veggen og ein wire litt lenger oppe ca. 20 meter over bakken. Her blir det å returnere med større sortiment.

Berre nokre spørsmål til slutt. Kven kjenner historia til veggen ? Kva heiter den? Her har det vore klatra før, men er alle linjer gått? Og kven har klatra her? Årstall, navn osv. Eg vil vite! Åpner til diskusjon i kommentarfeltet for dei som vil kaste lys på veggens historie.


Øystein F Dahl.


Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Ny førstebestigning i Kvanndalen?

  1. Tore Lundberg seier:

    Appelsinveggen.

    Har vore klatra her sidan midt på ’70-talet.
    – Helge Standal og Knut Festø
    – Stein Gjøsund og Tore Lundberg ’76
    – Stig Endre Moe på ’90-talet
    Noko er dokumentert her på SKK-veven.

    TL

  2. Åsmund seier:

    Karl Leikanger, Magnus Vassbotn og eg klatra ei linje i 2001 el. 2002.
    Meiner å hugse at vi klatra omtrent som vist på bildet, første halvdel, før vi klatra rett opp siste del av veggen. Vi prøvde også linja i midten av veggen og måtte snu. Hugsar ikkje om vi klatra forbi bolten, men det var eit snufeste i veggen.. Altså har det vore folk i veggen tidligare. Lykke til m dektektiv arbeidet!:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *