Ny(?) rute på Nedstefeltet.

Lars Otto Lofthus Ose og Halfdan klatra feira nasjonaldagen på Nedstefeltet. Halfdan klatra først Spentax. Etterpå fiksa han med sikring og topptau på risset til høgre for Spentax. Prøvde og feila litt før eg fant den lettaste(?) vegen opp risset. Dagen etter var eg tilbake med Kjetil Solbakken for å lede risset. 
Eg klatra det då utan å bruke rissa til Spentax, med andre ord rett opp sjølve risset. Veldig stilig klatring som krever litt fleksibilitet i starten av risset. Eg pre-plasserte ein kile fordi eg trur ein treff svaplata ved eit fall. Brukte bolten som står der i ekte moffat-stil med skrukarabiner slik Tore har sagt at det skal gjerast. 
Har nokon leda dette risset før? Om ingen har gjort det foreslår eg namnet Kaukesus og grad 7. 
Risset nederst på feltet opp den bratte delen ser også ut som ein real utfordring. Kanskje dette kan være eit framtidig 8/9 prosjekt for dei som har lyst. 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

6 svar til Ny(?) rute på Nedstefeltet.

  1. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Artig med litt diskusjon og kommentarar. At dei er uspiselege er dine ord, men at dei kan diskuterast, det er eg med på!

    Når eg sei at stil er fjas er dette sjølvsagt sett på spissen for å understreke at det viktigaste er sjølve klatringa og rørsla, for min eigen del. Mine tankar om ruta dreier seg i stor grad om at det allereie står ein borebolt der. Hadde det vore betre stil om ein hadde sett inn ein ekstra borebolt i staden for å bruke ein preplassert kile? Eller hadde det vore betre å fjerne den som allereie står der? Eg er ikkje sikker på kva som er «god stil». Men det er vel den som har plassert borebolten der (kjetil eller åsmund?) som har størst rett til å definere rutas karakter? Kanskje du har nokon innspel her Tore.

    Eit godt døme på ei god blanding av forskjellige stilartar er den nye ruta til Steve McClure. Litt plassering av sikringar og ein preplassert tråd. Her er lenka til artikkelen frå UKclimbing:

    https://www.ukclimbing.com/news/2019/05/first_ascent_of_greatness_wall_e10_7a_for_steve_mcclure-71966

  2. Tore Lundberg seier:

    For meg er dette ei nye rute, ja.
    Men – kan ikkje la vere å pirkeborti begrepa.
    Veldig interessant å høyre at stil er fjas!

    Btw – red- og pink point er begrep innført at Kurt Albert i Frankemjura på ‘90-talet:

    Pink Point: on sight free led med plassering av sikringar / klipsing av boltar

    Red point : free led på presatte / preklipsa sikringar

    Så – mine uspiselege kommentarar gjeld kva som er ‘gått’ og ‘ikkje gått’!

  3. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Som sagt, nysgjerring på om nokon har klatra rett opp.

    Men angåande det lada begrepet « «god» stil». At stilen ikkje er god nok til å reknast som ei fribestigning er eg ikkje einig i. Klatring er først rørsle, kome seg frå bunn til topp, deretter alt anna fjas og mas om stil. Så om nokon vel å ta ein større risiko ved å plassere kilen på led er kanskje dette «betre» stil, og om nokon fjernar borebolten for å klatre kun på naturlege sikringar er vel det også «betre» stil osv. Men at ruta, i mindre eller større grad, er klatra meir i fri framstår for meg som merkeleg.

    Men det med stil er vel noko som forandrar seg. Det er lenge sidan redpoint var den aksepterte stilen for å klatre ei rute. No til dags er det vel pinkpoint som er gjeldande stil for å kunne seie at at ein har gått ei rute.

  4. Tore Lundberg seier:

    Er merka som ‘prosjekt’ i Tommy-boka noko som betyr at vi ikkje visste om nokon som har leda risset i god stil. I felt er ‘god stil’ redpoint eller betre. Redpoint krev at sikringar er satt- og/eller slynger kopla på led, men at ein ikkje treng å sette/kople på nytt for kvart forsøk; det er nok å klipse inn tauet. Så preplassert kile på topptau gjer at stilen som er brukt er dårlegare enn redpoint – og det kan diskuterast om stilen er god nok til å gjelde som første fribestigning (FFB)

    Så – dersom Åsmund gikk risset rett opp på led, er det han som har gått ruta først. Sjøl om han ikkje gikk den heilt i fri, er det ei første bestigning (FB), men med dårlegare stil enn redpoint. Og – som sagt – redpoint er terskelen for FFB.

  5. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Kanskje det er å ta litt i med ei ny rute. Ein variant vertfall, men all klatring er vel variantar. Artig utfordring for den som vil prøve!

  6. Tore Lundberg seier:

    Eg har gått uti risset frå littoppi Spentax, ja. Sikkert på ’90-talet.
    Så har Åsmund jobba med risset, veit eg. Mulig han som har satt bb.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *