Nye rapellar i Molladalen – oppdatert (aug ’18)

 

Jønshorn

Fredag 14.7.17 fjerna Stig H og Tore L gamal rapellruta ned Sydvestegga på Jønshorn og laga ei ny.
Etter ønske frå SKK står rapell på toppen av 1.tl att.

Rapell Jønshorn

Ny rapellrute går i loddlina ned frå austre kanten at topphammar; tilsaman 6 rapellar. Kvar rapell har 2 9cm 10mm Fixe boltar med ringhengar og er <= 30m.

Rekna ovanfrå kan 2. og 3. rapell brukast som stand i «Raude Orm», 4. kan brukast som stand i «Raudvinsrusen», men dei 2 nederste (5. og 6.) ligg austom ruter i denne del av veggen. Rapellruta går i bratt og fast fjell.

SKK har ønska å fjerne den gamle rapellruta i renna bakom / nordom egga og som endar rett ned i Jønshornrenna (3 rapellar: 40m, 40m og 60m). Dette kunne vi ikkje gjere på fredag; der var fleire taulag som måtte bruke denne rapellruta for å kome ned. Dette kan vi rydde opp i seinare.

Neste rapelljobb er Trekkspelveggen – dette vert gjort så snart ver og dugnadshjelp er lageleg.

Trekkspelveggen

Onsdag 19.7 laga Tore og Henning L ny rapellrute i Trekkspelveggen på Molladalstårnet.

Rapell Trekkspelvegg

Rapell Trekkspelvegg

Ny rapellrute går i loddlina ned frå toppen av Clifton; tilsaman 4 rapellar. Kvar rapell har 2 9cm 10mm Fixe boltar med ringhengar og er <= 30m.

1. rapell er i i framkant av toppsvaet/skråhylla og litt (2-3m) sydover (mot Smørballa og Omsnudde trappa).
2. rapell er utpå høgrekant av Clifton dieder.
3. rapell er like under botnen av Clifton dieder; og kan brukast som stand.
4. rapell er i bratt vegg mellom starten på Clifton og Omsnudde trappa.

Vi fjerna det vi nådde tak i av gamle slyngeklasar, men det heng enno att ganske mykje til venstre for Clifton; det oppdraget er ledig!

Kruttårnet

Søndag 23.7 fjerna Lars Otto L O, Kjetil S og Tore L gamal rapellrute på Kruttårnet og laga ei ny.

Rapell Kruttårn

Ny rapellrute går i loddlina ned i framkant av  topphammar; tilsaman 4 rapellar. Kvar rapell har 2 9cm 10mm Fixe boltar med ringhengar og er <= 30m.

Oppsummert

Då er vi ferdige med pri 1. og 2. av arbeidet vi tok på oss å utføre for SKK; dvs Jønshorn, Trekkspelvegg og Kruttårnet,

Det står att å fjerne 3 gamle rapellar (2 øverste fjerna) på Jønshorn (bak Sydvestegga); er berre å skrue av mutter, fjerne kjetting og slå av boltane med hammar.
I Trekkspelvegg er heng der enno mange slyngeklasar (mykje fjerna) i Tress i S- og Molladalstårnet direkte-veggen.
Her må ein enten klatre desse eller fire seg ned med 70m tau og rydde opp.

På Raudetårnet, Molladalstårnet (topprygg & renne) og Holtanna står det hhv 2, 4 og 2 rapellar av Ørsta stål typen frå ’89; dvs 2 limboltar og kjetting med ring.
Vi ser ingen grunn til å flytte desse rapellane.
Limboltane er av god kvalitet; her er det berre å bytte kjetting med ringhengar.

Det er skaffa ein ca 2m 8mm rustfri kjetting som er forma til ein slynge med ein 10mm rustfri maillon; denne skal erstatte slyngeklasar på Bladet (på plass).

Der er også nokre andre rapellruter i Molladalen som ikkje er laga i regi av SKK; desse er laga ifm nye ruter er står for ruteskapar sitt ansvar:
– Diederveggen – 3 * <= 30m rapellar m bb + ring langs Peregrino juni ’18
– Superveggen – 3 rapellar (30, 35, 50m) ned Supergran – bb med ringhengar, Tore L ca ’95 (4 * <= 30m, ny nedre rapell i Naiv.Super august ’18)
– Superveggen – Åsmund, Kristian og Geir Arne B ruter – ??????
– Mohns pinakkel – 4 30m rapellar frå toppen av Vestkanten – bb med maillons, Tore L ’14

Eg vil tru der er slyngeklasar på mange tårn også – som H3/H4-nåla.

Foto: Iriss forlag.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.