Nye ruter (med namn) i Toskefloget

Sidan klatreføraren kom ut i ‘16, har eg laga ein del nye ruter og taulengder til høgre i TF. Eit parti i 25-35m høgde er rensa for lausgods og gjev no trygg tilgang til veldig bra fjell høgare oppe. Dette anleggsarbeidet har satt sine spor på bakkenivå då det er tildels store blokker som er velta ut.

Ramnevaglen

Toskefloget – referanseruter

Frå venstre mot høgre er dette nytt:

  • Fjøsvegen, mellom Vanleg veg (midt på bilete) og Lommerosk, 3 tl, 7-, 6, 7
  • I mellom har fått ei ny 2.tl, 6+
  • På kanten har fått 2.ny tl, 6
  • Påskenøtter 1.tl er forlenga og fått ny 2.tl, 6+
  • Kokken Tor mellom Turmix (th på bilete) og Nøtteblanding, 1tl, 7-
  • Nøtteblanding er korta ned 5m (pga dårleg fjell) og fått nytt snufeste
  • Stjeresludd thf Nøtteblanding, 2tl, 6, 7-
  • Stjerneskudd thf forrige, 2tl, 6-, 6
  • Splitter pine, 1tl tvf forrige 2.tl, 6+

 

Dette innlegget vart lagt inn i Dugnad, Klatreruter, Ymse. Bokmerk fastlenkja.