Nytt frå ytre (upd 10.6.19)

Eg har sett opp ein A-stige over sauegjerdet på Hide/Blåfjell – bruk den!

A- stige på Hide

Det er nye ruter på svaet og i overhenga over – ca 10 nye taulengder:
Varm november, 3tl, 6, 7(+), 7, bb + 2 kilar. Th Sjekketrikset,  kryss denne 15m oppe. NB 2 mellomstore kilar til 3.tl; kjem ein bb. FFB Øystein FD og Tore L 9.6.19
Kald oktober, 1tl, 7-, bb. Frå stand Sjekketrikset
Hidsneset, 1tl, 35m, 7-, bb- Frå stand Sjekketrikset.
Villsau, 3tl, 6+, 6+, 7-, bb. Th Postmannen.
Bonden, 1 tl, 6, bb. Th Villsau.
Svinøy fyr, 1tl, 6+, bb. Th pinakkel med Flygande elghund.

Gjømannen mellom Gjerdsvika og Haugsbygda – ca 300 m sydom Muren.

Veldig lovande! Har fått opp jobbetau til hyllene midt i hammaren via ruta Diagonalt, 25m, bb, 7-, bolta på led.

Anmarsj bak stolpen, til høgre opp grasbakke. Derifrå 80m faste tau over eit lite sva og opp grasbakken under veggen. Veggen er ca 90 * 90m. Venstre del er snildast; i tillegg til Diagonalt har eg bora ei line, men mangla bb. Ei line til er tagga. Frå jobbehylla er det flotte, buktande sva mot toppen – kan verte 3tl totalt.

9.5.19 Ruta Gjømannen 3tl, 6+, 6-, 5, bb (medium kilar 2. og 3.tl), Tore Lundberg og Thomas Riis. Start frå lavaste punkt bak 2 tred. 1.tl diagonalt th, 2. og 3.tl rett opp svaet til stor hylle. Er endå eit slakare sva frå hylla og heilt opp.

Om nokon vil vere med for å jobbe/lære, er det berre å ta kontakt.

luntor@broadpark.no

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *