Romsdalssamlingen 2018

Hei

I morgon er det altså tid for tur. Klubben har reservert campinghytte på Trollveggen Camping frå laurdag til søndag, men ikkje frå fredag til laurdag (dette grunna sein bestilling) ,men her kan ein lage seg til med teltplass på klubben si rekning. Klubben spanderer teltplass til den som måtte nytte seg av det. 

Ingen har panta på hytteplass, så vi seier førstemann til mølla eller send melding til Øystein: 93810239 for å reservere. Totalt 6 soveplasser. Ellers kan dette vere ei fin hytte å «henge» i på kveldstid om det skulle bli regnfullt i dalen.

Klatreklubben Ålesund joinar oss også på denne turen, og dei har to hytter heile helga til sine medlemmar, så vi håper på mykje sosial moro!

Få med deg ein ven og bli med!  KØYR SAMAN! Bruk «Klatring i Volda» på Facebook eller arrangementet «Romsdalssamlingen 2018» for å finne ut kven som køyrer. Full bil er sosialt og absolutt det kjekkaste!

Håper vi sjåast i Romsdalen dinne helga, det blir konge!😃

Bilde lånt frå Trollveggen Camping

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *