Rutesetter-kurs i Ørstahallen

Helga 23-24 mars vart det arrangert rutesetter-kurs men Martin Mobråten som kursholdar for eit knippe SKK-medlemmar. Kurset blei arrangert for å betre sikre vidare kvalitet på treningsrutene i Ørstahallen. Under kurset vart deltakarane drilla i diverse teknikkar og korleis bruke dei varierande formasjonane i veggen. Det blei skrudd fleirfoldige bulder-problem og like fort dei kom opp blei dei skrudd ned og bytta ut med andre. SKK håper med dette att rutesetter gjengen med andre skruelystne vil jevnlig bytte ut ruter og skru opp nye kvalitetsruter, ei etter den andre. Som vist på bilda under blei det mykje prøving av alle deltakarane sine bulder-problem under kurset.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *