Standplass

I arbeidet med å evaluere og forbetre faste sikringar i Toskefloget, er det gjort endringar på standplassar også. Ein standplass er slutten på ei taulengde; der ein enten snur eller går vidare. I sportsklatrefelt er ein standplass 2 bore- eller limboltar. Sidan ruter i Toskefloget ofte har fleire taulengder, er standplassen både snufeste og staden for å klatre vidare opp. Ein typisk standplass ser slik ut:

Standplass Tore på sporet 1.tl

Her er kjetting og 10mm maillom brukt til å utlikne lasta på boreboltane til sentralpunkt. Som snufeste er det berre å klipse tauet inn i dei 2 stålkarabinane. Som standplass for klatring vidare opp, er dei 2 karabinane eit ferdig sentralpunkt. Knyte inn med tauet eller PAS slynge og feste inn taubrems i guidemodus.

Ein anna type standplass er 2 ringhengarar, limboltar eller hengar med maillon plasser skrå overfor kvarandre:

Snufeste Harde tak 2.tl

Som snufeste må ein her trede tauet gjennom ringane. Skal ein bruke standplassen for å sikre 2.mann og og sikre 1.mann vidare på neste taulengde, må ein sjøl lage utlikna sentralpunkt med tauet, slynger eller PAS-slynge.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *