Toskefloget

9.9.19 starta vi opp med renovering av kjettingar og snufeste i Toskefloget. Silje og Sindre var med i dugnadsgjengen. Målet er å gå over alle taulengder frå bakkenivå.

9.9.19:

  • Bytta 4 kjettingar opp til toppcrux på Munin; 3 6mm og 1 kortlenka 8mm bytta til 8mm kjetting og maillon. Ikkje mulig å flytte boltar her.
  • Bytta 6mm kjetting på Ekorn. Skal justerast heilt i starten då eit nøkkeltak har tomklang. Vert 2bb i førsteveggen.
  • Fjerna 6mm kjetting på 3.bb på Ung.

10.9.19:

  • Fjerna kjetting og flytta 2 første bb på Påskenøtter. Bytta Tore-hengarar til Fixe på 1.stand. Skal montere 2 stålkarabinar med maillons her.
  • Fjerna kjetting og flytta 1.bb på Herrepartiet.
  • Harde tak har 8mm kjetting i 2.bb; denne er slaganker-type og får stå.
  • Bytta 1 av 2 6mm kjettinga på stand På tvers til 8mm.
  • Bytta 6mm kjetting på 2.stand På kanten til 8mm.

Vi startar med å bytte alle kjettingforlengarar og maillons på boltar det ikkje er råd å flytte. Det vert brukk rustfri 8mm maillon og langlenga 8mm kjetting.

Neste steg er å flytte feilplasserte boltar som i dag har kjettingforlengar.

Til slutt ser vi over snufester / anker. SKK har ikkje pt standard for dette så her vert det litt ulike metodar. Uansett skal det verre 2bb på snufester / anker. Om fjellet tillet, skal bb stå med 15cm avstand, den eine skrått over den andre. Så kan ein bruke ringhengarar (for gjennomtreding) , eller hengar, 8mm maillon og stålkarabinar (for klipsing). Om bb står lenger frå kvarandre, må ein bruke 8mm maillon og 8mm kjetting frå øvre til nedre bb. På nedre bb kan ein bruke ringhengar eller hengar og 10mm maillon og kople kjetting frå øvre bb inn i ringen eller i maillon.

Dette innlegget vert oppdatert.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *