Vellykka konkurranse i Ørstahallen.

For første gang i verdshistoria arrangerte X2 i samarbeid med SKK, buldre og tau konkurranse i klatrehallen i Ørsta. Konkurransen gjekk av stabelen kl.10 laurdag 30 mars, Klassene var delt inn i Herre/Dame og Junior. Mange klatrelystne deltakarar møtte opp å deltok både i buldring og klatring, nokre var med på begge deler.

Tribuna fylde seg raskt opp og stemninga hjå publikum var elektrisk. X2 diska opp med lydanlegg og diskjockey, SKK stilte med kiosk og utsalg av pølser og brus m.m. Buldringa var først ute med konkurranse og det blei vist fram både rå styrke og smidige flytt. Der var det om og gjere å klare flest mogleg bulder på 2 timar. Når tau konkurransen kom igang fikk publikum kjenne på adrenalinet med luftige svev og høg fallfaktor. Alle som klatra starta med kvalik-rute i si klasse, derfra gjekk 5 frå dame og herre og 3 frå junior vidare til finaleomgongen.

Rutene var laga av sjølvaste Martin Mobråten som var leigd inn for anledninga. Takk til alle frivillige med Stig-Petter Driveklepp i spissen som sto på for å lage til konkurranse. Det blei skrudd ned og vaska klatretak, skrudd bulder til konkurransen, kosta å rydda og ellers mykje logistikk for å få alt på plass til den store dagen. Enda ein kjempeinnsats på dugnad i god SKK stil! Vi gler oss allereide til neste år.

Resultatliste :

Buldring Dame:

  1. plass: Anna Sara Fjeld
  2. plass: Delt Synnøve Lofthus og Sunniva Skuset
  3. plass: Ida Swensson

Buldring Herre:

  1. plass: Torbjørn Ruud Haugen
  2. plass: Kjartan Haaland
  3. plass: Erlend Hasund Thorseth

Buldring Junior:

  1. plass: Jun Vilde Hunskår
  2. plass: Sondre Vatne Haram
  3. plass: Sina Digernes Aarskog

Klatring Dame:

  1. plass: Sunniva Skuset
  2. plass: Ida Swensson
  3. plass: Anna Sara Fjeld

Klatring Herre:

  1. plass: David Koch
  2. plass: Øystein Fløtre Dahl
  3. plass: Erlend Hasund Thorseth

Klatring Junior:

  1. plass: Jun Vilde Hunskår
  2. plass: Mateo Souto
  3. plass: Sina Digernes Aarskog

Gratulerer til dei som kom på pallen og stor takk til alle som deltok!

Stor takk til Sparebank 1.

Mvh Styret i SKK.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *