Flott islinje

Leif Strand, Åsmund Vaage og Stig Helset klatra islinja ved Folkestadsetra i Volda 25.01.04.

Fyrste gong klatra:
Januar 2004 av Pål Gundersen

fossfolke

Linja ligg på austsida av Folkestadsætra, mellom 792-høgda og Storetuva og er i skrivande stund nydeleg. Det er vanskeleg å ta feil av ho.

Etter å ha køyrt opp til vatnet med Leif sine superkjettingar, starta vi mot innsteget kl. 10. Ein time seinare var vi klar for isen. Det blei tre og ei halv taulengde med flott klatring på alt frå 60 til 90 grader og ei grei utstegtaulengde. Vi toppa ut etter 5 timar i selen. Grei retur langs ryggen frå Storetuva ned mot Folkestad, men litt kjipt å gå oppatt for å hente bilen.

av Stig, Volda 26/01/04, kl 00:59

 

Dette innlegget vart lagt inn i Isklatring, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *