Islinje i Dalfjorden

10 dagar med barfrost med om lag 10 blågrader, ja, det er oppskrifta på gode tilhøve for isklatring. Elvar og fossar frys raskt under slike forhold, og det beste av alt: dei er godt synlege, utan snødekke. Ulempen er at det er sein november og dermed korte dagar. Det gjeld å finne linjer som har kortast mogleg anmarsj. Etter ein ringerunde til folk som bur strategisk til ulike stader i regionen, fall valet på Dalsfjorden.

dalsfjorden

Laurdag 27. november tok vi 8 -ferja til Folkestad og svinga oss innover denne smale fjordtarmen. Fjella som omkransar Dalsfjorden er ikkje dei mest imponerande i Sunnmørsalpane, men til gjengjeld renn vatnet i strie og bratte straumar ned mellom dei, og denne morgonen hadde vatnet frose til solid is. Vi møtte heldigvis ingen bilar på veg inn fjorden, men om vi hadde gjort det, måtte synet som hadde møtt dei vore heller absurd: tre karar i framsetet av ein varebil som heile tida stirar opp i fjellsidene i staden for på vegen! Potensialet for å få seg ein flott klatretur var stort, med gode fossar på båe sider av fjorden. Vi stoppa bilen om lag ein kilometer før vi kom til Dalsbygda. Berre 100 høgdemeter over oss hang det som såg ut til å skulle gje oss ein «fin dag på jobben».

Frå vegen estimerte vi fossen til å vere om lag 4 taulengder, med gradering III. I røynda var han 6 taulengder, og vi graderte han til IV. Med slike temperaturar blir isen naturlegvis veldig hard. Det er gunstig på den måten at vi slepp å verte stressa av at heile sulamitten skal ramle ned. Men det er ugunstig på den måten at øksar og stegjarn ikkje går særleg djupt inn, noko som kan vere nokså psykande – særleg på årets første istur. Det er også vanskelegare å få inn isskruane i hard is, men heldigvis var dei nyslipte.

Vi toppa ut etter om lag 5 timar i veggen. I venstrekanten av fossen fann vi nokre bjørkaleggar som vi kunne bruke som rappellfeste. Etter halvannan time var vi nede ved bilen att. Hovudlyktene fekk kvile i sekken denne gongen.

Leif Gunnar Brandal, Åsmund Vaage og Stig Helset

av Stig, Volda 29/11/10, kl 08:54

Dette innlegget vart lagt inn i Isklatring, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *