Klatring down under

Tore har vore tre veker i Australia og klatra i Molladalen deira; Arapiles.
Med på turen var Bjørn Bergsvik, Rolf Nygård og Ragnhild Amundsen, alle frå Romsdalen.

Arapiles ligg vest i Victoria mellom Melbourne og Adeleid. Det er ein 2x2km ås som berre er 300m høg. Men den ligg beint åleine i panneflatt jordbruksland og har opp til 150m veggar, ryggar, tårn og sva mot nord og aust. Fjellet er sandstein, men av den flintharde sorten.

arap-reaper-1b

Overflata varierer frå utstikkande finnar, «chickenheads» og ølkrustak, via riss, dieder og kaminar, til glatte sva og veggar med bikubeoverflate; også kalla «Arapiles arses».

Vel; dette er vogga til moderne, australsk klatring, og glanstida var 70- og 80-talet. Ein streng etikk har bevart dette som eit område med 98% tradisjonell klatring; her må du legge sikringar sjøl!

arap-reaper-2

Bilda er frå 2.l på ruta «The Reaper» som helten Henry Barber gjekk i fri i 1977, gradering 22 (ca 7/6c). Ja, eg ramla, men kom opp!

mvh Tore

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *