Breiteigfossen!

DSC01190

Breiteigfossen ligg mellom Rovde og Syvde godt oppe i lia på venstre hand. Fossen er mest kjent for at den, på ei bestemt vindretning, blir blesen oppover!

Eg har sett det ved sjølvsyn på ein av dei mange turane ut til Stad. Breiteigfossen er ein godt synleg foss som stuper ut over ein loddrett vegg for så å sno seg nedover eit introsva. Deretter reiser elva ned mot fjorden 4-500 meter lenger nede.

Karakteren til fossen og lokaliseringa (høgt oppe i lia) gjer at den nok ikkje er særleg besøkt…?

Så meinte i alle fall den gode bonden som bur med foten av fjellet og som hadde fylgt turen vår frå start til slutt med kikkert, kaffi og kake (sikkert ikkje så masse anna å finne på). Dersom noko kjenner til om der har vore folk opp linja tidlegare så gje ein lyd.
Pål Gundersen og underteiknande var opp i skåla for å klatre fossen for 5-6 år sidan, men då var isen lite tillitsfull og eg hadde for sikkerheits skuld lagt hjelmen i bilen. Det enda med ein tur opp ei linje til høgre for sjølve fossen.

Beta:

Klatra av Åsmund og Tommi
Stad: Breiteigfossen
Dato: Søndag 7/2
Lengde: 160 meter, 3 taulengder
Grad: VI5

Dette innlegget vart lagt inn i Isklatring, Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *