Ny rute i Molladalen

Sist helg lista Kristian og Åsmund seg oppunder Superveggen for å sjå etter nye (u)moglege vertikale risslinjer..

superveggen

Etter litt diskusjon vart det diagonale risset som startar heilt nede lang til høgre på superveggen som trakk det lengste strået..

Ruta har fire taulengder:

1. Fylg det diagonale risset til god stand. 55 m. / 6+
2. Frå stand opp dieder til hylle, opp venstre i høgre vendt dieder til ny hylle, opp liten vegg til god stand. 50 m. / 6
3. Frå stand opp ein open kamin til riss og vidare til god stand. 35-40 m. /6 (+)
4. Frå stand rett opp mot topp og hold svakt høgre heile vegen. 55-60 m. / 6

Rua har fått namnet: Diagonalen / Grad 6+

Kristian Sørensen og Åsmund Vaage
Dato: 16/7-2011

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *