Ny rute i Molladalen

I pinsa klatra Audun, Hauk og Tore ei ny rute på Kruttårnet i Molladalen. Den heiter «Frihetens øyeblikk». Sjå beskrivelse og raud strek på bildet.

kruttaarnettore

Audun, Hauk og Tore 30.5. 2009

Utstyr som er lurt å ha med: 1 camalot nr 4, 3 nr 1 og 2, elles 2 av kvar.
Starten er 3-4 m til høgre for fronten på Kruttårnet.

1. taulengde: Jammeriss (det høgre av 2 riss, 6+), til høgre på hylle (smålaust), opp og til høgre over gul/oransj flekk, stand på blokk.

2. taulengde: Rett opp superdieder med lite overheng i toppen (6+), høgresteg rundt hjørne, opp off width riss (7-), til høgre 5m under toppen og ned skrått sva til grashylle .

3. taulengde: Opp laybackdieder (6), opp tynt riss i vegg til venstre (7-), høgresteg mot rapellblokka, rett opp tynt, seinare jammeriss (7-), stand på hylle (vi brukte Iriss-stand)

4. taulengda: Opp og inn i toppkamin, bruk høgste av 3 mulige utgangar til høgre (her tok kreftene slutt etter eg hadde prøvt dei andre høgreutgangane, men det ser greitt ut til hylle under toppriss som er klatra før av ??, 7?)

Beskrivelsen også lagt inn i nettbasert førar.

av Helge, Volda 03/06/09, kl 18:01

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *