Ny rute på Høystakken

Vi frettar i lokalpressa at Høystakken i Syvdsfjorden har fått ei ny linje med grad 6+

hoystakken

Kristian Rafteseth frå Ulstein og Leif Gunnar Brandal klatra åtte taulengder mandag 15. august.

Dei skal ha prøvd å følge ei ruteskisse som går mest i nordsida, med sol på bildet, men det vart ei dels ny linje litt inne i skuggepartiet på bildet (sørvendt). Det var fast fjell i dei bratte partia.

Kjelde: Synste Møre 18. august 2011.

av Helge, Volda 18/08/11, kl 17:40

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *