Forsøpling i Molladalen

I løpet av den siste veka har eg vore to gonger i Molladalen. Dalen er i hovudsak like fantastisk i sommar som i alle andre somrar, men desverre utsett for stendig meir forsøpling.

Molladalen (2)

Eg har plukka med meg store mengder skrot av tregt nedbrytbart materiale, både frå teltplassen og frå Reiulf. Vi snakkar då om eingongs-grillar av aliminium, plastnett, blekkboksar, plastflasker og papir.

Etter mitt syn er det eit mykje større problem at folk legg frå seg slikt stoff i dalen enn at ein kan støyte på ein og annan mannskit, for sistnemnde er trass alt nedbrytbar. Elles kan det sjå ut som at ein særleg ved Reiulf har hatt ein tanke om at det er greit å legge att plastflasker og liknande for seinare bruk, men etter mitt syn bør Reiulf vere ein overnattingsstad for alle – og ikkje ei privat campingvogn.

av Stig, Volda 16/07/07, kl 23:25

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *