Kolåstinden

Snøen ligg framleis tjukk i høgfjellet og det er vanskeleg å leggje skia på hylla under slike tilhøve. Samstundes kleiar det i klatrefoten, men ein rekk ikkje over alt. Kva gjer ein då? Jau ein satsar kombi.

HPIM2857

Tysdag 14.06 spende Åsmund Vaage og Stig Helset på seg skia like ovanfor Standalhytta og bauta seg opp Finger-sida med relativt tung bør. I sekken låg nemleg fullt klatreutstyr for støting på den klassiske Sørvesteggja på Kolåstinden.

Børa vart ikkje lettare når klatringa starta, for vi satsa på å få med ski og plastskor opp på toppen. Det gjekk greit det, og sjølv om sekken var i tyngste laget og skia noko oveidne i dei dei to-tre opptaka som er på ruta, var det vel verdt slitet, for det var godt skiføre ned Normalvegen, jamvel heilt ned i Kvanndalskjeften, der snøen framleis låg metertjukk.

av Stig, Volda 29/06/05, kl 00:39

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *