Mt Elbrus

Ein av dei sju

Mt. Elbrus – 5645 moh

elbrus

Mt. Elbrus ligger vakkert til i fjellområdet Caucasus i Russland og grenser til Georgia.

Caukasus tilhørte Georgia, men blei underlagt Russland med makt for ein del år tilbake. Det er ein del gerilja i grense områda noko ein og anna uheldig alpinist har fått erfare.

For å kunne ta turen bak jernteppe må ein ha ein invitasjon frå ein Russisk borgar el. ein kan betale nokre kroner og få ein falsk invitasjon over Internett. Invitasjonen sendast til den Russiske ambassade i Oslo og så ordnar dei Visum. Innan 72 timar etter annkomst til Russland må ein ha fått godkjent/stempla og registrert Visumet. Dette kan gjerast på dei fleste større hotell i Moskva. For å klatre i grense områda i Caukasus må ein ha ”grense kort” som ein kan hente på eit kontor i ein landsby som ligger mellom Mineralnye vody og Elbrus vally. Det er eit must å ha denne klareringa, uten dei rette papira vil ein garantert få problem med fyrste grense post ein kommer til på sin vandring. Oslo – Moskva – Mineralnye vody tur/retur kostar ca.4000 Nok. eller meir.

Frå Mineralnye vody tar ein buss inn til Elbrus vally som ligger på ca. 2000 moh. Der er fleire hotell å velje mellom og prisane for overnatting ligger på ca. 40/50 Nok. natta utan frukost. Mat og drikke er billi, men variasjonen på maten er heller dårleg. Sjaslikk er saude kjøtt og tradisjonsrett nr. 1 Frå Elbrus vally har ein fleire dalar å velje mellomfor akklimatiserings turar. Adursu og Adulsu vally er to nydelege dalar som egnarseg for høgde tilvenjing og toppturing. Ta med vatten rense tablettar frå Norge(Micropur)

Mt. Elbrus kan ein sjå frå dalen på klarvers dagar,men er ofte innehylla i tåke. I enden av dalen kjem ein til ein gammal gondol bane (ny bane er under bygging) som tar deg med opp på ca. 3700 moh. Og vidare går det ein sykande stol heis opp til ca. 4000 moh. 10-12 gigantiske tønner ligger på rad og rekke ved sidan av heisa og ein kan, om einikkje har telt, ta natta der. På 4200 moh. Står ei stor hytte med ca. 70/80 senger. Ute doen er ikkje å anbefale uansett kor mykje ein må dasse, noko området rundt hytta bere preg av.

Her er ein stor telt camp. Dei aller fleste tar toppstøtt frådenne campen. Ein ser tydleg vegen opp til sadelpungtet mellom dei to toppane frå denne campen. Frå hytta tar det mellom 4-7 timar å toppe ut, og eit par timar ned.Stegjern og øks er lurt å ta med. Ein bør ta med godt med vatten og klede for turen erbåde lang og kald. Frå toppen har ein utsyn over heile Caukasus.

Elbrus er ca. 1000 m høgare enn resten av fjella rundt og har derfor eit spektakulært panorama utsyn. Vert å få med seg! Folket som bur i området er av typen hyggelege og omgjengelege og gestikulerer flittig når ein pratar til dei på norskrussisk vis.

Så er det barre å pakke sekken og ønske lykke til.

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *