Ny revidert utgåve av Molladalsboka

Iriss Forlag har no avgjort at andre utgåve av Molladalen blir neste satsing. Dette kan truleg realiserast i løpet av 1-3 år. Forlaget vil trenge
ein god del hjelp frå klatreklubben sine medlemar, primært dei som har vore aktive klatrarar i Molladalen siste 20 åra.

Første utgåve frå 1989 kom i stand med god støtte frå Sunnmørsk klatreklubb og Norsk tindeklub, både økonomisk og praktisk. Dei 1500 eksemplara vart
utselde i løpet av 5 år. Eit av resultata var støtte til klatresiloen i Volda på 25 000,- kr.

Den nye utgåva vil bli trykt i minimum 3000 eksemplar. Tanken er å nytte dei teikna skissene, men i tillegg legge inn fotografi med rutestrek. Forlaget har allereie nok digitale flyfoto og bilete av fjellveggane. Sidetalet kan bli utvida frå 128 til 144 sider. Formatet blir som sist, men med meir solid innbinding.

Denne gongen er det ikkje økonomisk stønad som vil ha betydning, men ein del anna støtte:
-klatrebilete (action)
-ruteinformasjon
-korrekturlesing

Alle i og utanfor klubben som kan ha informasjon om ruter som har vore klatra etter 1989, vert oppfordra til å sende dette til iriss@iriss.no Dei som har klatrebilete kan i første omgang orientere om motiva i e-post til iriss@iriss.no Gi opplysning om det er digitale eller filmbaserte bilete.

Honorar for foto kan bli aktuelt dersom det vert overskot på utgjevinga. Ta også gjerne kontakt med Stig Helset eller Helge Standal dersom de har planar om klatreturar i Molladalen til sommaren.

Helsing Helge og Jon i Iriss og Stig i SKK

av Stig, Volda 12/02/09, kl 09:08

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *