Hovudveggen vert skrudd om!

Hovudveggen vert skrudd om!

28 og 29 september vert hovudveggen skrudd om. I forbindelse med dette vil halve veggen vert skrudd ned på dagtid fredag den 25.09. Kun halve hovudveggen vert tilgjengeleg for klatring den helga.

Vi kjem også til å invitere til dugnad på ettermiddag/kveld 25.09!

Meir info om dette kjem, håpar flest mogleg kan møte.

Lagt inn i Ymse | 1 innspel

Retningslinjer for bruk av boreboltar og andre faste forankringar

Vedlagt er pdf-fil: retningslinjer for bolting, vedtekne på SKK sitt årsmøte 02.06.2015

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Buldrehola vert skrudd om + dugnad!

Tysdag 15.09 vert buldrehola skrudd om! Buldrehola vert utilgjengeleg frå kl 0800-1630.

Rutesettarar er Birger Balseth og Markus Skaar, som jobbar i Buldrehallen i Ålesund

Før dei set i gong, har vi ein jobb å gjere med å skru ned, vaske klatretak og rydde! Denne gongen ønsker vi å gjennomføre ein real vask.

Veggane i buldrehola skal vaskast over med mopp (etter vi har fjerna tak og makroar).

Støvsuging og rydding imellom tjukkas og vegg.

Støvsuging i vinduskarmen oppe med treningsavdelinga, og ellers i samme område.

Det vil bli klargjort med utstyr til nedskruing og vasking av tak, samt moppar og støvsugar.

Håper so mange som mogleg kan møte!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kurs

Her er ei oversikt over kurs som vert heldt i september og oktober! Arrangement vert også lagt ut på facebook.

Felles for alle kursa:

Bindande påmelding ved å sende mail til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no

  • Send oss navn, telefonnummer og epostadresse. 

Kurs – Frå inne til ute

Her fokuserar vi å overgangen frå plastikk til natur. Både teknikk og handverk. 

Vi held dette kurset 2 gongar: ett kurs i september og ett i oktober. 

September:

Kveldstid 14, 15, 21 og 22 september. 

Oktober:

Kveldstid 12, 13, 19 og 20 oktober. 

Forkunnskap: 

  • Brattkort

6 deltakarar 

Pris:

  • 1600,- per person. 

Kurs – Fra bolt til naturleg

Her lærer ein å klatre med bruk av kilar o.l.

3-4 oktober

6 deltakarar

Pris: 

  • 1600,- per person. 

Kameratredningskurs

17 og 18 oktober. 

Forkunnskap: 

  • Må ha klatra litt med naturlege sikringsmiddel

Pris: 

  • 1600,- per person

6 deltakarar

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Medlemsdag!

SKK inviterer til medlemsdag med kaffikos og klatring i klatrehallen laurdag 05.09 klokka 10-16.

Regnvêr og avlyst Norangdalssamling gjer at mange vil vere inne.

Styret serverer kaffi i kiosken, hjelper til med medlemskap, nøkkelkort og informerer om aktiviteten framover.

Ta med tau og klatrevener til ein kjekk dag saman i hallen!



Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel