På vegne av styret i Sunnmørsk Klatreklubb vil vi gjerne takke Jubileumskomiteen for arbeidet utover året 2024.
Laurdagskvelden, 26. oktober markerte jubilanten på verdig vis, og minna oss på dei som grunnla og klatra alle taulengdene som har gjort SKK til klubben vi er idag. Banketten markerte eit punktum for jubileumsåret, men å setje punktum for Sunnmørsk Klatreklubb skal vi ikkje gjere. Der er framleis nye ruter, nye fjell, mogelegheiter, venskap og opplevingar vi vonar medlemmane våre får glede av igjennom klubben. Søndag føremiddag var det møte mellom NKF og ungdomsgruppa, og klatreklinikk med tidligare konkurranseklatrar Rolf Martin Bjørngaard. Engasjerte unge er viktig for at klubben skal leve vidare, og framtida ser lovande ut!
Så takk til Jubileumskomiteen, talarane, driftskoordinator og medlemmane som møtte.
Takk til alle medlemmane som er i miljøet, som heiar på kvarandre; de er faktisk ein del av ein 50 år gamal stolt sunnmørsk klatreklubb.
Hugs kva æresmedlem Tore Lundberg sa igår, då han siterte Oskar Mork ;
Vi klatrar fordi det er artig!
Så lat oss fortsetje med det, i minst 50 år til!
Helsing Styret i Sunnmørsk Klatreklubb 2024.
Comments