top of page
Search
drift319

Godt nytt år!

Då er vi over i 2024, og fleire har sikkert sett seg høgthengande mål om nye grader og flotte linjer som skal klatrast i løpet av året. Det er berre å legge seg i trening! Det er også slik at Sunnmørsk klatreklubb no er inne i sitt 50ande år, og det kjem sjølvsagt til å sette eit ekstra preg på aktivitetane i klubben dette året. Jubileumskomiteen er i sving med fleire flotte prosjekt, og eit program for jubileumsåret er like rundt hjørnet.


Det er fleire klatreinnslag på kalenderen for dei neste vekene.

-Drop-in opnar i Volda neste mandag og i Ørsta neste tysdag.

-Støvsugingsdugnad i hallane i løpet av veke 2. Kontakt driftskoordinator om du vil bidra.

-Grunnkurs med brattkortprøve 13.-14. januar i Ørstahallen: påmelding HER

-Nokre isklatrarar reiser til Aurland 18.-21.januar. Meir om dette HER

-Lysbildesamling på Standalhytta 10.-11.februar: påmelding HER


I løpet av første halvdel av januar kjem det faktura for medlemskap og treningsavgifter. Prisane på desse er uforandra. Prisane på drop-in og utstyrsleige aukar med nokre 10-kroningar, så no løner det seg meir enn nokon gong å betale treningsavgifta. Oppdaterte prisar finn de oppslått saman med vipps-QR i hallane.


Det er nye ruter på autobelay i Volda, og det vert ei større omskruing av tauveggen i Ørsta i løpet av januar. Buldring vert også skifta ut relativt snart. Omskruingsplan er snart klar og blir gjort offentleg etter at kontrakter er spikra.


Ta kontakt om du har noko på hjartet!

Lykke til med klatreåret 2024!


Øyvind Festø

Driftskoordinator i SKK






162 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page