top of page
Search
Øyvind Festø

Klubbkveld med dobbelt foredrag!

Onsdag 26. mai inviterer vi til klubbkveld i Aasentunet klokka 19:00.


Me har to foredragshaldarar denne kvelden:


Thomas Ose Silseth er fysioterapeut og klatrar. Han vil starte kvelden med å fortelje litt om typiske klatreskadar, korleis dei oppstår og det viktigaste av alt: korleis me kan unngå dei. På denne sida finn du ein relevant artikkel som handlar om styrketrening for klatrarar. Thomas vil etter beste evne svare på spørsmål frå salen på slutten av økta.




Tore Lundberg er eit kjent namn for mange klatrarar i Norge. Han har vore ein pådrivar for klatring i omlag 50 år, og ingen har opna og tilrettelagt så mange ruter og klatrefelt på Sunnmøre som han. Kva er det som gjer at Tore aldri gir seg med klatring? Dette skal Tore sjølv gje oss eit lite innblikk i med foredraget som han har kalla KLATREGLEDE.


Pandemiar krev påmelding med namn: HER kan du melde deg på. Det er 55 plassar og førstekvinne/mann til mølla.

SKK tek kr 100,- i inngangspengar for å dekke leige av lokalet. Du betalar ved oppmøte, -kontant eller vipps.


Det vert open kafé med kaffi og litt småtteri i pausen. Om pandemirestriksjonane lettar så kan det plutseleg opne seg for skjenkeløyve, men dette er det korkje me eller Aasentunet som avgjer.

338 views0 comments

Recent Posts

See All

Komentarze


bottom of page