top of page
Search
drift319

Molladalssamling 2024

Som mange har fått med seg, er det i år 50 år sidan SKK blei stifta. Det som kanskje ikkje like mange er klar over, er at det også er nokså nøyktig femti år sidan dei aller første rutene blei etablerte i dei verkeleg bratte veggene i Molladalen. Nøyaktig kva tid den første 'organiserte' Molladalssamlinga blei avvikla, er det ingen som veit, men mykje tyder på at det var om lag 10 år seinare, altså rundt 1984. Det som iallfall er sikkert, er at årets samling gjorde stas på 50-års-jubilanten!

 

Etter ein regntung sumar på Sunnmøre storma mange av dei unge og ivrige klatrarane oppover dalen laurdagsmorgonen, oppglødde og tende av han Yr, som lovde sol frå tidleg føremiddag. Dei meir erfarne hadde teke seg tid til å høyre på han Gislefoss fredagskvelden, og han var ikkje like positiv. Sidan denne reporteren er mellom dei sistenemnde, veit han ikkje anna om klatringa laurdagen enn at alle som kom ned att til teltplassen om kvelden, var både våte og kalde.


Heldigvis for dei var det god fyr i leirbålet, og ikkje minst god stemning mellom dei mange frammøtte deltakarane. Eg talde ikkje, men det må ha vore mellom 25 og 30 klatrarar kring bålet. Som vanleg blei det delt nokre fullstendig usannsynlege historier (som kanskje likevel er sanne, når alt kjem til alt), og nytt av året var songinnslag frå ein meister i tradisjonsbygg. Drøsen gjekk utover kvelden, innetulla av den notoriske Mollaskodda, men aldri inn dei seine nattetimane, for til sundagen hadde ikkje berre han Yr, men også sjølvaste Gislefossen lovd godver!

 

Det slo til, noko eg forstod då eg som vanleg som aldrande mann måtte ut av teltet for å late vatnet i femdraget om morgonen: Molladalen opplyst av den flottaste stjernehimmelen du kan tenke deg!

 

Etter ein god frukost i morgonsola var det rigging av taulag på kryss og tvers. Det må ha vore minst 20 lag til saman, for når det lysna av dag, synte det seg at ein god del klatrarar hadde skugga unna teltplassen kvelden i førevegen. Ikkje veit eg kvar alle for, men frå standplassane eg hekk i på Østpassasjen på Mohns pinakkel, såg eg iallfall eitt taulag i Djevelveggen, minst to taulag på Kruttårnet, eit par taulag på Holtanna og fleire taulag på Mohns-massivet.

 

Det var ein varm og givande 1. september, og altså ei verdig Molladalssamling for 50-års-jubilanten SKK.

 

Stig Helset




212 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page