top of page
Search
drift319

SKK Jubileumskavalkade - Del 2

Tysdag 10. september er det duka for 2. del av Sunnmørsk Klatreklubb si jubileumskavalkade!

Arrangementet er på Aasentunet i Hovdebygda og startar klokka 19:00.


Denne kvelden kjem nokre av dei som var med på å skipe klubben til å kome og fortelje og vise bilete. Du kan forvente å høyre frå mellom anna

-Knut Festø og Helge Standal, om skiping av klubben og tidleg klatring på Sunnmøre.

-Tore Lundberg, om utviklinga av klatreutstyret frå 1974 og fram til i dag.

-Odd Staurset, om Sunnmøre Alpine Redningsgruppe

-Åsmund Vaage, om oppblomstring av klatring etter at klatresiloen vart bygd, og om klatring som springbrett for næring.


Det vert kaffi til alle og moglegheit for å kjøpe seg noko å bite i frå kafeen.

Inngang: 100,- kr - Betaling med vipps eller kontant i døra.






47 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page