top of page
Search

TINDEQ

SKK har kjøpt inn ein TINDEQ-kraftmålar!


Ein TINDEQ er ein liten gul sak som koblast opp til ein app på telefonen din. Målaren sender sanntidsdata til telefonen din om kor mykje kraft du kan trekke, og kan brukast på ei rekke ulike måtar. Dersom du er interessert i å måle max-pull, trene intervallar på ei bestemt vekt, sjekke forholdet mellom venstre og høgre arm osv, så er dette eit artigt hjelpemiddel.


Vi anbefalar å laste ned appen og prøve den ut sjølv!


Du finn appen på Google play eller appstore.

Målaren heng på pullup-stanga i treningsområdet i Ørstahallen, og skal hengast tilbake der etter bruk. Det vil kome nokre fleire fingerblokker etter kvart som kan nyttast til å koble på TINDEQen, slik at det vert lettare å variere mellom måling av kraft på ulike fingrar og ledd.


Lykke til!



Den svarte prikken på midten er påknappen.
Den svarte prikken på midten er påknappen.

Ei rekke ulike funksjonar i appen.
Ei rekke ulike funksjonar i appen.


 
 
 

Comments


bottom of page