top of page
Search
Writer's pictureAjla Deric

Tore Lundberg: Storegga på Hide

På Hide er det mykje meir klatring enn Blåfjellet.


Rett inn om fyret på Hidsneset ligg domen Kvitjellet og lyser med mange sprekker og snufeste. Neste rygg mot aust er Storegga. Denne har du til venstre om du går svart StikkUt frå Hidsneset.




Foto TL


Fjelltypen ser litt ruskete ut frå vegen, men viser seg å vere solid - noko grasbakken rett under vitnar om. Det er vertikal sprekker, kantar og finnar som kjenneteiknar feltet. Her er det naturleg sikring som gjeld, men nokre taulengder (tl) har nokre få boreboltar (bb). Hovudsnufesta (lilla rute) har 2 bb og ringar , resten ein bb og ein kile utlikna i ein ring.

Stil: Blå rute og 2.tl brun rute leda nedanfrå og opp; snufester og bb etablert frå desse.


Rutene:

  • Blå / Hidsbåen, 45m, 2 tl, nat, 6, 5+

  • Grøn / Kjeggane, 30m, nat & 1bb, 6(+)

  • Lilla / Storegga, 50m, nat & 5bb, 2 tl, 7-, 6

  • Gul / Leirbåen, 30m, 6

  • Brun / Litlebåen, 55m, nat & 5 bb, 7-, 6+

  • Lysebrunt er variantar.


Vidare utvikling.

  • Der er hekkande ramn tvf Blå rute; det bør ikkje lagast ruter her.

  • Lenger th i veggen er fjellet meir liggande, men like lovande.

  • Frå øvre høgre snufeste (lysebrun variant) kan ein lett mekke i midtpartiet.

  • Det er mulig å fortsette vidare oppover ryggen om ein vil lage 'den lange ruta'.


- Tore Lundberg

348 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page