top of page
Search
drift319

Vi treng frivillige til Regioncup!

Sunnmørsk klatreklubb er hovudarrarngør for Regional Klatrecup Møre og Romsdal. Regioncupen er ei serie konkurransar for born og ungdom melølom 9 og 19 år. Før sommaren var det to konkurransar i buldring. No er det duka for tre konkurransar på tau, og det er SKK som er første klubb ut med cupkonkurranse i Ørstahallen. Vi håper på opp mot 100 deltakarar!


Vi ynskjer å gjennomføre ein så god cup for dei unge klatrarane som råd! Difor har vi behov for ein del dugnadsarbeid frå medlemmer klubben.


Før konkurransen den12. oktober skal det mellom anna skruast ned hundrevis av klatregrep, grepa skal vaskast og sorterast, -og nye ruter skal settast (krev kompetansen "rutesetter1" eller høgare).


Før konkurransedagen skal det leggast plastgolv i sal 1 og settast ut stolar. Ruter skal merkast og det er heilt sikkert mykje rutesettarutstyr og grep som må ryddast vekk.


På konkurransedagen treng vi folk som kan vere med å sikre, folk til å stå i café og folk som kan vere med på å rigge ned golv og rydde stolar etter konkurransen.


Har du høve til å vere med på noko av dette?


Meld deg som frivillig i DETTE SKJEMAET, så vert dette eit supert arrangement. Alle frivillige som jobbar 5 timar eller meir får ei SKK-50år T-skjorte!





73 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page