Invitasjon til lysbiletesamlinga 2016!

Laurdag 30. Januar har Sunnmørsk Klatreklubb gleda av å invitere til årets happening: den tradisjonsrike lysbiletesamlinga på Standalhytta!

Her samlast me i godt lag og ser på biletframsyningar og får høyre gode historier og skrøner, turnar i stonga og et god middag ut i dei seine nattetimar.
Dersom du har vore på ein klatretur du vil fortelje om og syne bilete frå (lysbilete eller digitale bilete), så er du hjarteleg velkomen til det. Hugs at det er mange som vil syne bilete, så det er begrensa tid per talar!

Badstova er open for dei som ynskjer å tine skrotten litt ekstra no som vinteren endeleg er komen, hugs å ta med handuk.

Det er høve til å overnatte på hytta for dei som ynskjer det. Ta med sengekle/lakenpose/sovepose.

Middagen vert servert kl. 19.00 og framsyninga tek til 20.00. Noko godt i glaset må kvar enkelt syte for sjølve. 🙂

Prisar:
Overnatting: 250 kr
Middag: 100 kr
Kontant betaling ved oppmøte laurdag.

Påmelding:
For å vite kor mykje mat me skal berekne må me vite kor monge som kjem.
Fyll ut dette skjemaet for å melde deg på: http://goo.gl/forms/SvNLVXNfIP

Me gler oss til ein kjekk kveld i godt lag!
SKK-Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *