Samling i godver

Jau då, vermeldinga frå Leif slo til ho, noko som bidrog til at Molladalssamlinga 2006 blei ein suksess.

Ein del folk var samla i dalen og gamle klassikarar blei klatra både laurdagen og søndagen.

IMG_0977

Bernt frå Norddalen i sørveggen av Mohns-massivet

Totalt var det 5 taulag i sving og alle kosa seg i julivarmen, både i veggen og i solnedgangen laurdagskvelden. I lys av at det har vore svært laber oppslutning kring Molladalssamlingane dei siste åra, var det gledeleg at så mykje som 10-12 klatrarar hadde funne vegen til Molladalen dette året. Men det må skytast inn at det faktisk var fleire tilreisande klatrarar enn lokale, noko som bør vere ein tankevekkar.

kveldskos ved teltleiren

kveldskos ved teltleiren

av Stig, Volda 16/07/06, kl 22:28

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com, Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *