Årsmøte SKK 2020

Årsmøte for SKK vart heldt på Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda onsdag 10.06.2020 kl. 1900. 21 medlemmar var til stades.

Etter ynskje frå fleire om å etablere fleire lettare klatreruter, vart det vedtatt å handle inn fleire klatretak i samsvar med budsjett. Dette er eit tiltak for å gjer det enklare for nye medlemmar å føle mestring, og bli enda meir glad i sporten. Vi diskuterte medlemskontingent og budsjett med meir.

Referat frå årsmøte med fleire detaljar frå årsmøtet ligg vedlagt som pdf.

Vi heldt også val av styreleiar, nestleiar og 4 styremedlemmar. Styremedlemmar Erlend Indrearne og Fred Ingar Somby fortsett i sine verv.

Valresultatet vart som følger:

Leiar – Daniel Garden

Nestleiar – Veronika Pilskog

Styremedlemmar

Sindre Dimmen (gjenvalg)

Ajla Deric

Ida Eriksen

Halfdan Strømgren

Vara: Raymond Welle

Påtroppande styre vil gjerne takke styremedlemmane som går av for den flotte jobben dei har gjort! Det vert sett stor pris på.

Vi ynskjer alle ein god og frisk sommar!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *