Buldring på Flø -Varmt, vindstille og kjekt

Etter ei lengre periode med lite eller ingen klubbaktivitet starter vi og røre på oss igjen.
Kort tid i forvegen av denne turen bestemte vi oss for og reise til Flø i pinsehelga. Buldretur til Flø er nærmast vorte ein tradisjon, men i år vart tradisjon tru satt på prøve når vi ikkje kunne gjennomføre samlinga som planlagt, første helga i mai. Heldigvis har det vorte lettare og samle seg , noko som er svært gledelig for all klubbaktivitet.

På samlinga i helga var det lagt opp til buldrekonkurrane og grilling laurdag. Som eit ledd i at vi alltid prøver og forbedre oss, la vi opp til eit program i år slik at deltakerane hadde ei tid å forholde seg til ift. oppmøte.
Buldrekonkurransen starta kl. 13 og varte ut ettermiddagen. Her fekk deltakerane poeng for antall bulder, antall steiner besøkt og beste bildemotiv. Av alle som deltok vart det også delt ut 1+ poeng til den av dei som gikk det hardaste buldere. Premien var heder og ære, noko som ikkje skal undervurderast!
Vidare utover kvelden vart det grilling av pølser i brød som klubben hadde kjøpt inn i forkant til dei oppmøtte.
Takk til alle som møtte, det var kjekt!

Vi tek med oss godværet vidare og inviterer alle til og være med til Romdalen i juni. Vi reiser dit saman med KKÅ andre helga i juni. Klubben sponser hytter, teltplass og mat på Trollveggen Camping.
Håper vi sjåast der!



Vinner av beste motiv, Thomas Riis.
Forran kamera ser vi Fred Ingar Somby
Sosialisering rundt grillbålet.
Foto: Fred Ingar Somby
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *