Fram med kortslyngene!

Mykje flott ver på Sunnmøre om dagane. 

Snøven smelta og våren e på vei. I veggane rundt Volda/Ørsta har klippeklatrefelta allereide fått fleire besøk av ivrige glade klatrarar. Hunnes med sin spanande tilkomst, Nedstefeltet med sine flotte riss, Toskefloget med artige flytt og monge taulengder og Aldalen med noke for ein kvar!

Vi har mykje flotte ruter å velge i når det kjem til sportsklatring her i Volda/Ørsta. Og tek du turen til Skorgeura, får du både buldre til blodet renn og teste ut styrken på harde ruter på Lødøysteinen, samt roe ned med flott klaring på Kirkesteinen. Moglegheitene er monge, MEN…

I fjor haust arrangerte klubben limboltekurs for dei som ville lære seg å bolte ruter på felta våre. Dette har resultert i eit heilt nytt klatrefelt langs vegen mot Ramnevaglen/Toskefloget. Det nye feltet kan tilby lett svaklatring på 5 talet og har til no fått 6 ruter, feltet heiter Drypparberget og er no det nærmaste klatrefeltet til Volda sentrum, med storebror Toskefloget 5 min lenger inne.

Vi kjem nærare attende til dette feltet når vi har fått til ein PDF-førar for veggen.

Og inntil vidare, fram med kortslyngene!


Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *