Klatrehallen opnar for medlemmar 03.august!

Då er endeleg ein lang månad med sommarstenging av klatrehallen over!

Klatrehallen opnar igjen 03.august! Hallen vil vere open for medlemmar av SKK som har brattkort, har betalt treningsavgift, og har nøkkelkort.

På grunn av gjeldande retningslinjer i henhold til smittevern, kan vi ikkje opne for drop-in klatring enno. Vi fyl med på eventuelle endringar som kjem, og vil halde dykk oppdatert fortløpande.

Vi må også fortsette å oppretthalde dei samme smittevernsrutinene som rett før sommarstenginga. Her må vi be medlemmane om hjelp, alle må ta ansvar for at gjeldande smittevernsregler vert fulgt. Hald avstand, ikkje møt opp dersom ein er sjuk, utfør handhygiene!

Vi kan maks vere 20 personar i hallen i gongen, og når ein kjem, skal ein sjølv telje over dei som er der frå før og sjekke at ein framleis vil vere mindre enn 20 når ein går inn i hallen. Blir ein for mange totalt, pliktar ein å vente ute til det vert ledig plass.

Vi har lagt ut ei vaskeliste for klatrehallen. For å kunne halde opent må alle hjelpe til med å utføre følgande daglege oppgåver:

  • Tømme søppel 1 gong dagleg: legg søppelpose gjenknytt utanfor inngangsdøra til klatrehallen.
  • Gå over alle kontaktflater med antibac
    • Dørhandtak
    • Pennar
    • Gelender på trappa opp til Sparebank1 platået
    • Tørke over tjukkas i buldrehola.

Signer for utført vask på avkrysningslista nedanfor, dette er for at vi skal ha kontroll på at vask faktisk er utført.

Legger ved informasjon om gjeldande smittevernsreglar i hallen, vil oppfordre alle sammen til å oppdatere seg på desse før de kjem til hallen.

Vi gler oss til å sjå dykk igjen! Fortsatt god sommar !

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *