Klatrehelg i Norangsdalen

SKK dreg til Norangsdalen !

28-29. juli planlegg vi klatrehelg på klatrefeltet Kopphammaren i Norangsdalen. Her er det berre å ta med telt, sovepose slynger og tau for ei heidundrandes helg i flotte omgivnader. 

I dette feltet er der ei rute for alle, då monge er å finne i varierande 7er gradering, er der også lettare ruter her. 

Er du usikker på deg sjølv i forhold til uteklatring, eller ikkje har prøvd uteklatring før, er dette rette helga til å prøve litt klippeklatring på topptauing eller ledklatring på gode boltaruter.

Vi tek sikte på å reise inn Laurdag den 28. og søv over til Søndag. 

Sol, sommar og fantastisk klatring i lag med kjekke folk. kan det bli betre?

 

For dei som ikkje har klatreførar for Volda/ Ørsta sine klipper vert den å få kjøpt under samlinga. Hugs og ta med 250,- i kontantar ettersom det ikkje er dekning i dalen mtp. Vipps.

 

Vel møtt!

 

Bilde lånt frå google. 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *