Minne over Iver Gjelstenli

Min gode ven og klatrekompis gjennom mange 10-år, Iver Gjelstenli, gjekk ut av tida 25.6.20. Her kjem oversikt over nokre hendingar i Iver sitt klatreliv, og nokre tankar om Iver sitt bidrag til norsk klatrekultur.

Berner Oberland ‘10. Foto K Sørensen

Iver gjekk bre- og klatrekurs i regi av DNT og vart raskt ein del av klatremiljøet i Molde når han flytta dit tidleg ‘70-tal. 

Romsdalsklatrarane var ein mangslungen gjeng. Nokre veteranar frå Randers-Heen tida klatra enno. Oskar Mork var inspirert av arbeidarklasseklatrarane frå Peak District. Lars Stendal kom sentralt frå Tindegruppa NTH. Så var der nokre tenåringrar frå ‘Nes som saug til seg alt som nytt var! Denne mixen – og stor toleranse – var ein kreativ smeltedigel som førte til mykje klatreglede! Eg kom til Molde i ‘78, tok kontakt med Iver og vart virvla inn i både klatring og kvardagsliv.

‘75 – ‘85 er nok gullalderen for tradklatring i Julsundet. Det kuliminerte med at eg og Iver laga første Julsundføraren. Mykje tidkrevande pirkearbeid å lage førar den gongen. For meg vart det første og siste bok. Men for Iver var dette starten på eit litterært virke; bøker, artiklar og reportasjar.

Ein annan arena rundt ‘80 var Klauva. Iver og Hans Christian Doseth var pådrivarar her. Mange år seinare vart Iver (og eg) involvert i ei hending med høg mediadekning der. Okkensom; på Klauva var Iver på heimebane!

Dei unge på ‘Nes herja rundt på Mjelva, Norafjell, Hornaksla, Trollveggen og Mongejura desse åra. Her var Iver ingen pådrivar, men hjarteleg til stades og ofte invitert.

Iver sine alpine ambisjonar vert kraftig korrigert når det viser seg han ikkje tåler dei store høgder så godt. Han var med til Trango i ‘84 for å gå ei lettare rute med Ragnhild Amundsen og Håvard Nesheim. Dei må avbryte når Iver vert dårleg. Vel heime får dei vite at Hans Chr og Finn Dæhli kjem til topps, men forulykkar på veg ned. Eit knusande tap.

Iver held fram med is- og vinterklatring i heimefjella. Det er særleg i Eresfjord han er aktiv i lag med Bjørn M Øverås, men også rundt Molde.

Det er etter ein tur til Berner Oberland i ‘87 Iver finn den type klatring som skal definere han som klatrar meir enn noko anna: klatring ‘innenfor den menneskelige yteevne’ på lange sva med gode sikringar. Heile nordsida av Eresfjord frå Utkleiva til småbåthamna er Iverland!

Ein annan arena Iver har vore med å sette på klatrekartet, er Molladalen. Vi var der eit utal gongar mellom ‘80 og ‘10, og kvar gong vart det nye ruter. Pinsa ‘84 vil alltid stå fram i eit spesielt lys. Veret var strålande – vi hadde lokka med oss Arne og Bodil Heen, Hans Chr, Ragnhild med fleire. 3 nye stjerneruter på 3 dagar: ‘Smørballa’, ‘Mohns pinakkel S’, ‘Randerspillaren S’.

Smørballa ‘84. Foto TL

Ein siste viktig arena for Iver var dei store ørkenane. Eg er enno litt usikker på kvar dette starta. Axel Jensen ‘Ikaros’ er ganske sikkert ein inspirasjon, likeeins ‘Til topps i Sahara’ (Halvorsen B). Mulig at ørken vart erstatning for dei høge toppane han ikkje kunne nå? Det vart fleire turar til aHoggar i Algerie, Wadi Rum, Sinai og Marokko. I ørkenen må ein vise tolmod, og det er lett å stille store spørsmål!

Vel – dette var mannen sine gjerningar. Om mannen sjøl vil eg seie dette: vitelysten, raus, ustoppeleg og til stades. Ein sann opplysningstidsmann som sette sivilisert ordskifte og personleg integritet høgt. Han var lite imponert over korleis klatrarar oppfører seg på når det kjem til konflikt, men han slutta aldri å invitere til dialog og kome med konstruktive forslag til løysing.

Julsundet ‘20. Foto S Kringstad

Egoistisk? Sjølsagt! Ein får ikkje til så mykje utan å vere det. Men ikkje verre enn han fekk 7 barn med same dame, og at desse står samla tilbake og kjenner tomromet der Iver var. 

Fred over Iver sitt minne!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Minne over Iver Gjelstenli

  1. Kamil seier:

    Fin artikkel Ture

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *