Nettkonkurranse


Klatrehallen i Ørsta har no vore stengd i tre veker grunna Covid-19.
Dette skapar utfordringar for alle oss i klatreklubben som ikkje får trene eller ulyste oss med det vi likar best, KLATRE.

Neste veke er det er det påske, men før den tid kjem set vi i gong ein aldri så liten bildekonkurranse for våre medlemmar av SKK her på nett, i god Koronavirus stil.

Vi ønske og dele ut tøffe premier frå Sport1 Ørsta til heldige vinnerar av vår bildekonkurranse, så her er det berre for alle og delta!

Tema for konkurransen er som følger;

Vi ønske og motta eit bilde av din vennegjeng på klatretur saman.
På klatrefeltet, til fjells eller i utlandet. Det er ikkje satt noko tidsperiode for når dette fann stad, så det kan like gjerne være for 20 år sidan som for 20 dagar sidan!
Klatring er ein sosial og kjekk aktivitet som både inspirerer og tek vare på sine medlemmar.

Send inn dine forslag til oss på
E-post: «kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no»
Merk E-post med «Bildekonkurranse 2020»
Fortel oss kva som foregår på bilde og
Avslutt med «Navn og nummer» på fotograf.
Oppmodar alle til og delta, gammal som ny, i klubben.

  1. Premie – «Beste bilde» får Fingerboard + 1 tube flytekalk frå Sport 1 Ørsta
  2. Premie – Tilfeldig trekning av fingerboard frå Sport1 Ørsta
  3. Premie – Tilfeldig trekning av Black Diamond klatrehjelm frå Sport 1 Ørsta

Konkurransen avsluttast onsdag neste veke den 8.4.2020. klokka 21.00

Alle som deltek i vår bildekonkurranse vil komme med i ein slideshow-video som vi legg ut på våre kanalar i etterkant av konkurransen.

Lykke til!!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *