Retrosekk

Eg tok til å klatre medan det enno var mulig å få seg ein klatresekk av seilduk, skinn, lær og metallspenner. Det varte ikkje lenge – og no er det berre nylon og high tech kvar ein snur seg.

I mitt nye liv som halvpensjonist på eit småbruk, har eg hatt tid til å rette opp denne mangelen. No vert det laga retrosekkar i kjellaren inspirert av det Karrimor, la Fuma m.fl laga fram til 60-talet. Det har vore litt prøving og feiling, men no har eg tre typar som er ganske velprøvde og gjennomtenkte.

Produksjonen går litt i rykk og napp – planen er å ligge svakt framom etterspurnad. Så – vil du ha ein ‘custom’ retrosekk er det berre å ta kontakt!

Retrosekk rygg
Retrosekk front

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *